- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
81

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Fanny saag paa Gina; Gina nikka.

— Ja det skal eg, sagde Fanny og rette Handi fram.

— Seg «ved Gud» paa det daa!

— Ved Gud! Trur du meg no daa?

Ebba roa seg. —

— Dei møttest um Eftaen paa sitt gamle Loft, noko
underlege i Hugen.

Som etter Avtale kraup dei inn i den inste Kroken
av Treve, der det var so myrkt at dei ikkje kunde sjaa
kvarandre.

Dei drøste annvint um ymse Ting som dei ikkje
tenkte paa, lo med tilgjord Laatt, og stræva med aa faa
sett seg. Endeleg sat dei. Dei sat so tett ihop, at dei
mest kunde kjenne Hjarto i kvarandre banke. Og so
vart dei reint tagalle. Det vart so forfælande leidt,
totte dei med ein Gong.

Allvisst Fanny. Ho hadde nok Hug til aa fortelja.
Men Gud, kor leidt det var; ho vilde heller sleppe.

— Hugsar du kva me hev i Geografi til i Morgo,
Gina? spurde ho.

Gina hugsa det; Ebba hugsa det og. So vart det
stilt att.

— Uff so leid som ho er, denne Frøken Malthe, sagde
Fanny.

— Ja.

— Kvifor kunde me ikkje faa Adjunkt Bryn i
Geografi. Han er so morosam, so.

— Ja, han er morosam.

— Kven?

— Adjunkt Bryn vel!

— Aa. Ja, han er morosam.

Det vart stilt att.

— Kva lær du aat? spurde Ebba og drog etter
Anden; dei kunde høyre kor Bringa hennar gjekk.

C — Garborg II.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0083.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free