Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
— Aa jau, seg det. Til meg kann du gjerne segja det;
kann du kje det?
— Nei; du berre lær aat meg.
— Ved Gud; eg skal ikkje læ.
— Nei; eg kann ikkje.
— Trur du eg fortel det kanskje?
— Nei det trur eg ikkje, men —.
— Jau det er greidt du trur at eg fer med Slarv og
er taapi og altslags vondt; undrast paa kva du trur um
meg, eg, i Grunnen?
— Eg trur berre godt um deg, eg, sagde William; det
fall strævalt for han aa faa det fram.
— Nei det gjer du ikkje.
— Jau, eg gjer det.
— Ja men kvi kann du kje segja meg det daa? spurde
Fanny.
— Seg det du fyrst.
— Nei du fyrst. Du kann daa vita —; du som er Gut. . .
kva er det du vil eg skal segja, eg daa?
— Du kann segja kva du meinte med det at du ikkje
var sæl.
— Det segjer eg aldri i Verdi.
— Ja so segjer ikkje eg heller noko.
Dei var heimkomne; han skulde til aa gaa inn.
— Det er ikkje seint, sagde ho.
Han stana. Vil du segja meg det daa?
— Mm ... du fyrst.
— Nei. Godnatt daa!
— Aa, eg veit kva det er, sagde Fanny eggjande.
— Veit du det? Han kom burtaat att.
— Ja det veit eg.
— Kva er det daa?
— Eg vil kje segja det.
— Aa jau; ver no snild daa, Fanny.
8—Garborg II.
113
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>