Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
HEIMKOMIN SON
429
einborne er han; han kjem daa so langt upp fraa den
vanlege Verdi, at det vert det same kvar han er fødd.
Ein slik Messias kunde Jødane au klara betre enn
ein Messias fraa Nasaret. Det hev vori raadlaust for
Judæafolk aa tru, at ein krossfest Galilæar skulde vera
Messias; men vart han Guds einborne, so kom
Gali-læaren meir burt; og daa gjekk det lettare.
Og endaa var det verste att. Sjølve Jesu Ord var
utrulegt.
For Jødar som for Heidningar. Jøden trudde at
Gud var Far for Israel; men at han skulde vera min Far
og din Far, og at han kravde Kjærleik i Staden for
Offer, det var for høg ein Tanke for Jødar flest.
Lite betre var det med Böde um Næstekjærleik.
Det stod nok i Moselovi; men no hadde det fengi ny
Meining; Næsten var ikkje lenger vaare næraste,
vaar eigi Ætt eller vaart eigi Folk; Næsten var
kven-som-helst; kvart Menneskje me raaka var Bror vaar.
Det kunde vera Folk som me hata, Folk som me
vanvyrde; og det kunde vera Fiendar, Folk som vilde
oss vondt; men elske deim skulde me; Brørar med
deim skulde me vera; me skulde unne deim likso
godt som me unnte oss sjølve ; det var eit umögelegt
Krav. For Jødar som for Heidningar.
Men Apostlane visste, at Jesu Bod var Guds Bod.
Og naar Folk ikkje skyna dette, so var der berre ei
Raad : ein maatte faa deim til aa tru det. Men skulde
dei tru Bode, maatte dei tru Bodberaren; og
Apostlane preika Tru.
All deira Tale gjekk ut paa dette: Jesus, Messias
eller Kristus, er den gudvigde og gudsende som me
maa tru paa. Orde hans ser underlegt ut for Verdi,
men det kjem fraa Gud og er Sanning; og det gjer
oss sæle, naar me trur paa det.
Med Tru meinte dei den Trui som fylgjer Jesus;
som gjer det han byd oss; Tru og Liv er eitt. Tru
utan Gjerningar er daud, sagde Jakob; um eg hev
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>