Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
hadde kje visst av nokon Ting; tottest staa i Naaden
som fyrr; og med ein Gong laag han der; hadde gjort
den verste Syndi eit Guds Barn kunde gjera.
Di meir han tenkte, di større vart Syndi; og ei Rædsle
tok han, so han misste sin Fred. Og no kom Straffi.
Huglaus og kald vanka han um; all Barnefrihug veik
fraa han; halvrædd og uhuga gjekk han til Ord og Bøn;
der var kje Hjelp i noko no, av di Gud heldt sin Naade
burte. Verdslege Sorgir og Tankar fekk Magt med han
kvar Stundi, og han tenkte med Fælske paa, kor lett
Spél Sattan vilde hava med han, um han fekk Lov til aa
gange paa han no. Det var Dagar daa han kjende seg
so naadetom og kald, at han mest kunde tru Live var
utsløkt; det einaste han hadde var Lengten etter Gud,
ein veik, uroleg Lengt som ein litin bivrande Gneiste.
Det var Trui; han visste det; men ho var so kraftlaus,
at der ingi Trøyst var i ho og ingi Trygd; og Bøni hans
var so arm, at ho kunde knapt naa upp for Truna og
for Lambe.
XVI.
Det hadde vorti lite Høy i Aar; dei laut hjelpe seg
med ymse Slag til Kreturi. Raunbork var god; dei gamle
Raunane i Hagen fall ein for ein, so det tilslutt berre
stod att eit Par av dei eldste, den med Skjorereire i, og
so ein som mest var utgjengin. Det vart underleg audt
og snaudt. Endaa godt, so lengi den gamle Selja fekk
staa; Enok vilde helst ha hoggi den au, daa det «fylgde
Ovtru med ho»; Far hans hadde haldi ho for eit
Lukketre. Men so var det det, at ho livde eit Grand mot
Nordvesten.
— Dei sat ein Dag og skava Bork; so kom Salomon
Storbrekke køyrande med han Legde-Lars. Anna sukka;
no skulde dei ha den Ufysa aa dragast med att. Av alt
120
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>