Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
18
HAUGTUSSA
paa tvo, men til Morgons paa fire Føtar,
um Kvelden paa tri?"
„Mannen veks rotlaus av lange Røtar
fraa Adam av.
Og fyrst han kryp; so gjeng han paa Føtar,
men sist med Stav."
Veslemøy synsk.
Gamlemor ventar.
I mjuke Kole-Ljose
ved Omnen glødd og varm
ho Gamlemor snur paa Rokken sin
og tøygjer den magre Arm.
Um skrinne skrale Likam
ligg Kjolen grov av Ull.
Hovude bøygjer seg sveipt i svart,
ein nikkande Klædetull.
Med skrukne Knokehandi
ho dreg den lange Traad.
Rokken knurrar sin gamle Song,
som lite ho høyrer paa.
Rundt Golv um gamle Veggir
som Bøyg i krulla Ring
gaper den skume Skugge-Natt
og gløyper alle Ting.
Viker og fram-att dreg seg
or Myrkeheimen stor,
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>