Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
20
HAUGTUSSA 20
Og Klokka gjeng so seint,
og Klokka gjeng so smaatt,
og Klokka døyr og stansar . . .
— „Aa gjer det fredt i Nott!"
Og ute er det svart,
og ute er det stygt,
og ute uler Vinden;
— „aa gjer det fredt og trygt!
Og midt paa svarte Heid,
der flyg den Arming no
med Ryggen kald av Rædsle;
aa send ho heim i Ro!
Eg høyrer inkje meir . . .
Aa, hjarteleg eg bed,
aa send mi Veslemøy
til Mor si heim med Fred!" —
Daa høyrer ho paa nytt
den same skræmde Gang,
det same Andetak,
det same Livsens Sprang.
Upp Døri flyg med Brak;
inn stuper Gjenta kvit
med Munnen turr og opin,
med Augo utan Vit . . .
„Mor — Mor, eg er so rædd.
Her er so stygt og svart.
Og, du, — i Grave-Heid,
der saag eg noko rart" . . .
„So, Barn; her er du trygg.
Her naar deg ingin Draug.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>