Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
54
HAUGTUSSA 54
Med Rentur det vaks, som det var no hans Von;
og no vil han Garden faa sett til Auktion;
so tek han det heile til Vaaren.
Der sit han i Benken so stabben og tett
og krever av Gamlemor heile sin Rett:
„no kann eg kje lenger deg live!"
Den gamle ho jamrar og veit seg kje Raad;
„aa arme mi Veslemøy, kor skal det gaa?
No vil dei paa Bygdi oss drive!"
Men støkkt maa ho stogge med Graat og med Skrik;
paa Sengi ligg Veslemøy stiv som eit Lik,
og fælsleg ho skifter sin Hamllt.
Bleik snur seg den Gamle til Kravsmannen hard;
„ja no kann du faa baade Stogu og Gard;
men gakk so — med Liv paa ditt Samvit!
Han Heilag-Per sit der i Andlite graa:
„kva er det — kva er det ho stirer so paa?
Ho ser noko! Hu, eg fær Fæla!"
„Aa Barne mitt arme, du tak’ det med Ro!
Me skal nok faa Føda vaar lel, baae tvo,
— skal so eg paa Bygdine stela!"
Men Veslemøy kvæser med kavande Munn:
„sjaa Draken — sjaa Draken — med Gap som ein
Brunn . . _
og Eldkam fraa Hovud til Halen . . .
Aa Fader vaar . . . Jesus . . . som Djevelen batt . . ." —
— Han Bøne-Per triv etter Sylv-Stav og Hatt
og stuper paa Døri som galin.
Hjelpi.
Det er so vondt um Natti;
daa kjem dei Daudingar kalde
hit av den stengde Kyrkjegard
og ringar seg um henne alle.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>