Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
73 HAUGTUSSA
Men var det den snilde Gut
der burte fraa Skare-Bröte, —
han fekk vel ein paa sin Trut, —
men helst paa ein annan Maate.
Aa Tøv, kva tenkjer eg paa!
Det lid nok paa Dagen alt . . .
Eg maa til Buskapen sjaa; —
ho Dokka drøymer um Salt.
Møte.
Ho sit ein Sundag lengtande i Lid;
det strøymer paa med desse søte Tankar;
og Hjarta fullt og tungt i Barmen bankar,
og Draumen vaknar, bivrande og blid.
Daa gjeng det som ei Hildring yvi Nuten;
ho raudnar heit; — der kjem den vene Guten.
Burt vil ho gøyme seg i Ørska braa,
men stoggar tryllt og Augo mot han vender;
dei tek einannan i dei varme Hender
og stend so der og veit seg inkje Raad.
Daa bryt ho ut i dette Undringsord:
„men snilde deg daa ... at du er so stor!"
Han smiler raud og strekkjer Led og Legg;
„det er vel so, naar Guten Kar maa vera,
han lærer au som vaksin Kar seg bera."
— „Og tenk, eg trur at du hev fengi Skjegg!"
„Det var der fyrr," han svarar stø og sann;
„men kanskje det hev vaksi litegrand."
Han mjuk seg ned attunder Steinen slengjer,
og upp or Lumma Nistemat han dreg;
og gild han vera skal som andre Drengir;
„sjaa her er Egg! Deim tok eg med til deg."
Ho lær og sét seg, so ho nett kann sjaa han.
I Barm det gjeng; ho fær kje Augo fraa han.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>