Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
HAUGTUSSA
95 1 1
Haa, haa, kor det brenn!
Sjaa kor Logen stend!
Her reider me Seng,
du Kloveberg-Dreng!
Her luktar det heitt,
her luktar det feitt,
her steikjer med Flesk til Joli.
Kom Haugkall or Hi’,
her hev du meg fri;
kom Djevlebukk kaat
og leika paa Trot;
kom Rise or Slott,
her fær du det godt
og varmt som Smør i Soli — — -—
Veslemøy fæler. So stygg ein Song
aldri høyrde ho nokon Gong.
Men Trollskapen lær og dansar.
Flyg og flogsar med Staak og Styr
som galne Dyr.
Djevlar i Lufti tullar og flyr
med Smell og svingande Svansar.
Nordljos sloknande skjelv og skin.
Vinden tyter, og Slaatten kvin
igjenom dei myrke Kluftir.
Kvin og yler med Skrik og Spott
villt gjenom Nott;
Trolldansen tumlar seg graatt-i-graatt
yvi dei nakne Tuftir.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>