Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
HAUGTUSSA
97 1 1
Den niande lint dei Lokkane kved
um Møyar og giljande Sveinar;
sjølv gjeng du Dronning i Dansen med,
i Glans av glimande Steinar.
Og ingin som du
seg fagert kann snu,
og ingin so lett traar den gyllte Bru."
„Og lite meg lokkar den Haugen blaa
med Glans i glimande Salar;
min vene Guten eg her vil sjaa;
so song det for meg i Dalar.
Aa Guten min du!
paa deg vil eg tru,
med deg vil eg byggje og alltid bul"
„Og vil du vita den Guten blid
so sjaa deg att yvi Herdi! —
Du ser han i Lofte med Gjenta si;
der gløymer han heile Verdi.
So hev han det godt
kvar langande Nott,
og Haugtussa hev han til Spe og Spott."
Som Steinen stend ho i Grye kaldt,
og Hjarta stivnar og isnar;
no ser ho det vel; no hugsar ho alt,
og Verdi for Veslemøy visnar.
Ho vender seg graa.
„No kann du meg faa.
No kann eg gjerne i Haugen gaa."
Høgt hoppar den Haugmann paa nakne Sva;
han maa vel sin Lagnad prise.
„Men no skal du gløyme og vera glad.
Fylg med, so skal eg deg vise
7 — Garborg. V.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>