Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
114
HAUGTUSSA
Daa ligg ho i Morgo og ille læter,
men tagnar — so vel — um tolv-trettan Næter."
Veslemøy løyser det lette Plagg;
daa stansar ho braadt; ho kjenner eit Agg.
Skal ho? Vil ho? — Dette er stygt.
Daa riv ho det laust og gjev han det snøgt.
„Hehe!" mekrar Trolle med Gledefaktir;
„men Løn eg tek for dei Natte-Vaktir!
Naar Drosi fraa Aas til Kyrkjegard dreg,
daa rid ho Veslemøy Brudferd med meg!
Men aldri so vere du syrgjefull!
Eg klæd deg upp i det skinande Gull.
Eg vil ikkje skryte; eg er ikkje kaut;
men paa Fjose mitt hev eg tolvhundra Naut.
Grisir hev eg som Stein i Strand;
Smalen min aldri eg telja kann.
Land eg eig fraa Hav og til Bre.
Og er eg rik, er eg fager med.
Horn hev eg framme som drusteleg Dreng,
og bak hev eg au det eg tarv og treng.
Eit betre Gifte du aldri naar:
rik Mann og gild, i dei beste Aar!"
„Eg vil ikkje! Nei; ho skal ikkje døy!"
ropar angrande Veslemøy.
Til Gud ho bed og slær Kross for seg:
„gjev meg Duken og drag din Veg!"
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>