Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
116
HAUGTUSSA
Paa Vildring.
Lange Tidine sig og skrid;
det gjeng paa Tröt og paa Tjon.
Gud hjelpe den som i Sjælestrid
slepper si gode Von!
Vinter ligg yvi Verdi aud;
han vil seg full’ aldri snu.
Gud hjelpe den som i Sjælenaud
slepper si gode Tru!
Veslemøy trøytnar i tunge Kav;
ho kjem ut-av Veg og Leid;
misser sitt Mod og vildrar seg av
og gjeng i Trollkjering-Heid.
Um Natti Trollkjering-Bole ho finn:
„høyr meg! No kjem eg til dykk.
Eg skal meg skrive i Boki inn;
men gjev meg ein Elskhugsdrykk!
Ein Drykk som Hugen kann vende braadt
for min Gut til hans rette Møy!
Eg vil han eige ei einaste Nott
og so i Djup-Hylen døy."
Kjeringi myler og hengjer paa
Seidkjelen svidd og svart:
„he-he, den Vegen det lett vil gaa;
men slikt gjer eg aat full’ snart."
Ho drøyper av Horn, ho blandar av Glas
med Mulling og mange Læte;
ho mengjer Røtar og Løyndegras
i nordan-rennande Væte. ’-
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>