- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Haugtussa. I Helheim /
124

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

124

HAUGTUSSA

Det er dei Møyar i kvite Lin;

dei flir henne Staupe, breddfullt med Vin.

„Drikk, so opnar seg Kongens Borg!
Drikk, so gløymer du all di Sorg.

Drik av Staupe, og drikk det ut!
Daa gløymest den hardaste Hjartesut.

Tenk deg kje um, men gjer som me song!

No bydst deg dette for siste Gong!"

*



Veslemøy bleiknar um brune Kinn;

det gjekk henne kaldt gjenom Hug og Sinn.

Veslemøy bleiknar um brune Vangar;
Tanken vaknar og Minne fangar.

„Skal burt eg gløyme mi Hjartesut?"

— „All di Sorg den sløkkjer me ut."

„Sløkkjer de Elden som heitast brenner?"

— „Naar Staupe er tømt du inkje kjenner."

„Ja vil de sløkkje den Suti heit,

— den kann eg kje misse for alt eg veit.

Og fyrr eg vil sleppe den Suti hard,

fyrr gjeng eg og bed meg i kvar Manns Gard,

Og fyrr eg vil gløyme den Sorg som brenn,
fyrr gjeng eg Narr i mi heile Grend.

Ja fyrr eg vil gløyme Guten eg fann,
fyrr gjeng eg Fanteferd Land og Strand.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:16 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1909/0130.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free