Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
174
I HELHEIM
Veslemøy.
Mange sviv som i Hérota
rundt seg sjølve i Ring;
stirande ser dei stygge Synir
og ufjelge Skræmsle-Ting.
Mange villar som daaresjuke
rundt i den Rædsleheim;
stygge Synir og fæle Fylgje
elter og skræmer deim.
Systeri.
Tyngde Samvit det er du ser,
som dregst med sine Minne;
stygge Hamar for Augo syner
den Angest som gneg der inne.
Dei fiktar med Orm og Drake
og Skrymt i so vond ein Strid;
dei fiktar med alle Syndine sine
fraa Jord og Livetid.
Kjende Syndir og løynde,
dei aldri gav etter Gaum,
her kjem att og elter dei arme
i æveleg Feberdraum.
Tjuven flyg med si Byrd paa Rygg
og rømer um vide Land;
etter kjem lange Eigar-Manngard
og vil honom leggje i Band.
Mordaren dregst med sine Lik
og skjelv for dei brostne Augo;
Ljugaren strider med Dikti sine;
dei liver her millom Draugo.
Hérota: Ville, Ørske.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>