- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Haugtussa. I Helheim /
235

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

I HELHEIM

235

Veslemøy.

Kva hev dei synda som lid den Skam,
og kann ikkje for seg svara?

Systeri.

Dei vonde forgiftige Bladmenn er det,
som her maa so ille fara.

Det var deira Ros og Ære,
og den vart millom deim stor,
som kunde skjote med Eiterpilir
og pine med rengde Ord.

Det var deira største Hugnad,
og Prisen den av deim vann,
som visste med Sløgd kvar Dag aa finne
det Orde som drap sin Mann.

D’er dei som paa Jordi laga
dei nidfulle Fareblad
og let dei fljuge til Folke-Eggjing
som Gneistar fraa Stad til Stad.

Dei laga og fraa seg sende
Vondske som vide for,
Nidskriftir stygge som fyller Heimen
med Harm og herjande Ord.

Laga og fraa seg sende
til alle som taka gat,
atalle, eglande Farebladi,
som fyller Verdi med Hat.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:16 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1909/0241.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free