- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Haugtussa. I Helheim /
261

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

I HELHEIM

261

Um Hovde som brattreist
stig og rett,
ei Iskrone glimar
som stjernesett.

Um Ringen ei Løynskrift
blank seg dreg;
Volva les:
„Eg Mot Deg."

Kring honom dansar
dei store Djevlar;
fuse paa vondt
dei vandt seg hevlar.

Veslemøy treiv seg
til Systeri snøgt:
„seg, kann her vera
so mykje stygt."

Barmen snører seg
kvævd og kald:
„hu! her hev det stygge
Einevald."

Det var so det sveiv henne
Sinn og Sans;
aldri saag ho
so fæl ein Dans.

D’er skakt og skeivt,
d’er vrangt og vindt,
d’er sleipt og kaldt,
d’er skrukkut og skrint,
d’er Kryp som krabbar,
og byksande Dyr
og Trollskap fraa tunge
Eventyr;

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:16 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1909/0267.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free