Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Carolus (angerfull). Sant aa segja so gjekk eg
der ned og vilde høyre um ho hadde noko som eg kunde
faa for Influensa mi; (sukkar svært) aa ja Gud hjelpe
oss. Me er skrøpelege og fattast den Ros–
Paulus. Me fær venja oss av med dette idelege
Misbruk av Guds Namn og Ord, Carolus.
Carolus (forfjamsa).–Kor stend det til med
Syster Johanna i Dag?
Paulus. No stend det godt til. I Kveld vil ho vera
i Paradis.
Var det elles noko i Dag, Carolus?
Carolus (angerfull). Aa, fyrst vilde eg no tala
med Dykk um Synderne mine.
Paulus. Det hev eg ikkje Stundir til i Dag.
Carolus. Aa ? — nei eg spaar, De hev so mykje
anna og vigtigare.
Jens. Carolus Magnus er ikkje med. Han veit ikkje
at Kristindomen hev vorti ny sidan igaarkveld.
Paulus. Veit du kva du skal gjera til aa bli kvitt
alle desse Syndine dine? Du skal ofre Gud det kjæraste
du hev.
Carolus (meir og meir utrygg). Det kjæraste eg
hev? — (freistar med ein Smil) Det maatte vel vera ...
Son min det, — hvorso Abraham.
Paulus. Det kjæraste du hev er Latskapen din,
Farr. (Carolus raudnar fornærma.) Men de frys vel
ihel i Dag utpaa Kvernhusheidi ? Skal eg sende Ola ut
med eit Lass Torv?
Carolus (mjuk). Aa tusund Takk, min kjære
Velgj—
Paulus. Hev de Mat ? Du ligg all Dagen og les
«Jules Verne» (bokstavrett); det vert vel kje noko større
Mat av det?
Carolus. Eg — arbeider med mi Upplysning–
36
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>