Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Helga. Og so mykje annarleis han hev vorti i det
heile; reint som ein annan Mann; han er mest no som
han var i den fyrste Tidi me kjende han.
Tore. Han hev gjort seg fri no, lagt fraa seg alt
utanpaahengt og tilgjort, og er seg sjølv; berre meir
fullvaksin.
Helga (myrkare att). Men det kom so forunderleg
yvi meg, dette... at han vil rive heile Huse sitt so reint
upp med Roti. Kann du forstaa at han skal vera nøydd
til aa gjera slikt, — han meir enn andre?
Tore (aalvorsam). Det er hans Offer dette, som
han segjer. Gud krev kje det same av alle.
(Stutt Togn.)
Helga. Ja me kann vel vera trygge for denne Per
Aase.
Tore. Ja; gjeng han yvi 10,000 Kronur, so —. Daa
maatte det staa andre attum.
Helga (slær Augo vidt upp). Kven skulde det vera?
Tore. Nei eg veit ikkje; det maatte vera dei vakte
kanskje, som kunde vilje hava som eit Auga yvi Paulus.
(Helga rister paa Hovude.) Men ikkje at eg trur det.
Helga (grundande; halvt for seg sjølv). Kauper
Per,–og eg maa flytja til Aase,–so vert det
langt imillom oss.
Tore (smiler). Ja men kjære deg, for den stutte
Tidi–
Helga (stilt klynkande). Aa du veit kje kor lang
ein Sumar kann vera du.
(Braadt). Men det heldt eg nok ut.
Tore. Ja; kva er det elles ?
Helga (sitrande). Nei; inginting.
Tore (ser paa henne). Du er nok veik enno.
Kanskje det er best du legg deg innpaa att?
Helga. Ikkje enno; ikkje enno.
61
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>