Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Tore. Dei er i Kantore. Naar me set upp Døri,
høyrer me deim. (Læt upp.)
(Paulus gjeng burtaat Døri; dei vert standande
der, studde kvar til sin Dørkarm, og lyder. Gangen og
so langt ein kann sjaa inn i Bui er stappa med Folk,
alle lydande stille.)
Jens Eide (utanfyri.) — 9 900. D’er rett; lat
Setlane rulle. 9 900. Naa Per ? Det gjeng til dei fatige;
hugsa det! (Laatt.) 9 900. Tvo Flugur med ein Smekk.
God Gard og Himilrike attpaa. 9 900.
Eit Mæle (knapt høyrande). — og femti.
Jens. 9 950; det hjelpte. (Laatt.) 9 950. Aa kløyv
ikkje Setlane, Per; du hev nok av deim. 9 950. Eg byd
10 000. — Tie Tusund Kronur er bodi.
Eit anna Mæle. 10 500.
Jens Eide. 10 500. Sørbuen veit kva han vil, han.
10 500.
Fyrste Mæle (høgare, argt). — og femti!
(Laatt.)
Jens Eide. Nei no kløyver me kje Smaasetlar
lenger; eg byd 10 600. Tie Tusund seks hundra Kronur
er bodi. Ingin betre? Siste Gong?
Andre Mæle. Hundra til.
Jens. Hundra til. 10 700. 10 700. Siste Gong?
Fyrste Mæle (i Sinne). —- og femti til daa!
Andre Mæle. Og femti til! (Laatt.)
Jens. 10 800. 10 800. Siste Gong?
Fyrste Mæle. — og femti! (Laatt.)
Jens. 10 850. 10 850.
Andre Mæle. 11000.
Jens. 11000. Siste Gong?
Fyrste Mæle (rasande). 11 500! (Laatt.)
Jens. Per kjem seg; 11 500. Fort no; eg er snart
haas. 11 500. Gjev Sørbuen seg no ? —
81
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>