- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
83

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Ferdaklædi sine paa Armen. Legg desse varleg fraa seg
paa ein Stol ved Omnen; set seg paa Sengebenken og tek
til aa skifte Klæde.

Ei eldre Kone f med Skureforklæde og Ermane
uppbrette, kjem inn fraa Bakgrunnen). Han
Fante-Carolus er ute og vil høve deg. Skal eg segja du er inne ?

Per Aase (dreg Ulltrøya yvi Hovude. Naar Andlite
kjem fram att). Han Fante-Carolus ? — Eg hev kje
noko usnakka med han Fante-Carolus. — Du kann
berre helse og segja, at han kann gjera seg ferdug til
aa flytja naarsomhelst. Eg hev nok med ein ...
Husmann der ute. (Murrar.) Og han skal vel au snart med
Guds Hjelp -

Kona (laagmælt). Ja d’er mange som vert fegne
naar Carolus kjem burt; me hev lengi nok gjengi her
i Otte for Tjuvefanten. (Ser ser ikring.) Var det kje
her han braut seg inn og stal Sylv ein Gong for mange
Aar sidan?

Per. All den Sylvstasen han Enok Hove og Kona
hans aatte. Og meir til.

Kona. Ja; og slikt kunde han Paulus dra inn yvi
seg att! — Han maa ha vori galin lengi.

Per (tek til aa draga av seg Broki). Ja no er han
det som verre er. Han er fallin ifraa Trui.

Kona (slær Hendane ihop). Nei kva segjer du.

Per. Og hev funni paa eit nytt Evangelium; og den
som gjer det, veit du, han er ein forbandet Ting.

Kona. Aa Kors i Jesu Nam.

Per. Guds Unaade vil vera yvi Bygdi, so lengi han
er her. — Og kva han kann finne paa heretter, det er
ikkje godt aa vita. Den som hev forkasta Orde og
Naa-den, han vyrder kje lenger nokon Ting.

Kona. Nei du veit daa det. Nei at det skulde gaa
soleis med denne store Læraren.

83

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0087.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free