Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Jens. Ho hev ein Gong i denne Tidi... spurt meg,
um eg endaa kunde hava Bruk for henne — heime paa
Aase.
Paulus. Men kjære, kva er no det ?
Jens. Eg trur ho hev sett seg i Hovude ... ein stygg
Tanke. (Paulus ser upp.) Ho trur det ikkje! — men
det kjem for henne stundom; og ho kann ikkje faa det
fraa seg. Eg fann henne i Dag i eit svært urolegt
Tilstand. Ho hadde ikkje sovi...
Paulus (bønlegt). Men kva er det, Jens? Kva trur
ho? Kva tenkjer ho?
Jens. Du maa ikkje undrast paa, at det som du no
hev gjort tryller henne.
Paulus. Men eg hev daa forklaara det for henne,
Jens!
Jens. Ho ser det paa sin Maate. Ho forstend det
ikkje. Det ser henne so altfor ... utrulegt ut. Ho kann
ikkje koma ifraa... ho trur der maa liggje eitkvart
løynt under.
Paulus. Men kjære, kva skulde det vera ?
Jens. Kvendi hev sin Logik. Dei trur, at under alt
det ein Mann tek seg til maa det gøyme seg eit Kvende.
Paulus. Eg forstend ikkje, eg forstend ikkje...
Jens. Sagt det hev ho ikkje — beintfram. Men eg
trur ho piner seg med den Tanken, at du hev gjort alt
dette (ser skarpt paa han) ... av di du vilde, ho skulde
gaa fraa deg.
Paulus. Vilde —? Av di eg vilde —? (Rædd.) Me
maa agte oss, Jens; det er — det er —; (stryk seg yvi
Panna) det er Sjukdomen. Det kann koma — det same
som sist.
Jens. Lat oss ikkje tru det. — Du fær tala med
henne.
Paulus. Men naar ho ikkje trur meg ?
103
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>