- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
128

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

rettast... aa faa undersøkt og... døyvt med det same.
(Det gjev ein Rykk i Paulus.) Vil du fylgje med oss
og ... forklaare alt som det er. Det er berre ei Formsak,
forstend du.

Paulus. Rettferdig er Herren.

Aas. Behøv’s ikke mer!

Jens (kviskrar snøgt til Paulus). Agta dine Ord!

Paulus. Eg skal fylgje.

Evelinde (med døyvt Skrik). Nei! Nei!

Paulus. Og forklaare alt.

Rabbe (til E v ei in de). Du ogsaa.

E vel inde. Eg?

Paulus. Paa denne Vegen — fær du væl fylgje
meg, Evelinde.

Eve lin de (skjelvande). Kor ber det av?

Paulus. Du kann vera trygg; men med meg ber
det for Domstolen.

Evelinde (vinn seg yvi). Naar du gjeng fyri, so
fylgjer eg kvar det ber av.

Aas. Behøv’s ikke mer!

Paulus. Kann eg gaa inn og segja ifraa ?

Skrivaren. Nei; men har De noget at ordne —
saa skynd Dem!

Paulus. Nei; no hev eg ikkje lenger noko aa læse
eller stengje fyri.

Skrivaren. Afsted da.

(Alle gjeng.)

(Fraa Stogo høyrer ein Tonar av Salmen «Lover den
Herre den mægtige Konge».)

Maren Doktar (kjem stormande inn; sterkt
upp-øst; søkjer mot Inngangsdøri). Tore! Tore Eide!

(Køyredur.)

(Duken feil.)

128

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0132.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free