- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
7

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

7 EIN FRITENKJAR



„Javisst! den frie Kjærleiken. All sann Kjærleik er
fri, segjer den Galningen til Diktar."

„Høyrer De, Herr Pastor?" sagde Balle. „Vaare
eigne Diktarar tek og til no —; lat oss agte oss! —
So vedkjenner han seg vel den ’frie Tanken’ og daa?"
spurde Kapellanen.

„Det er greidt," svara Hans. „All Tanke er fri,
segjer han, — ikkje berre tollfri."

„Han trur ikkje paa Gud naturlegvis?"

„Eg tvilar paa det; men det var endaa ikkje det
verste."

„Ikkje det — ?"

„Nei; for det er mange i Kristiania som ikkje trur
paa Gud. Men denne-her Diktaren trur ikkje paa
Djevelen dessmeir!" — Hans lo som eit Barn aat det
And-lite Kapellanen sette upp; Presten saag strengt paa
Hans, som no slog Augo ned og tagde.

„Uvére veks," sukka Kapellanen. „Diktarane vaare
hev fyrr haldi seg reine for desse gudlause Tankane,
alt um dei dessverre ikkje alltid hev havt det rette
Syn paa Kristindomen, og serleg hev vori inne paa
grundtvigske Vildringar; men no — no ber det paa
onnor Leid. Ser De Upprørsaandi, Herr Pastor? Høyrer
De, kor dei riv og slit i sine Band og reiser Rygg mot
alt som er høgt og heilagt, ja gjeng Storm mot sjølve
Samfunds-Grunnvollane?"

„Gud betre oss," sukka Presten; „det ser ikkje gildt
ut. — Er her noko nytt i Bladi?" spurde han, liksom
til aa koma burt fraa denne Samrøda, som tydeleg
tyngde honom.

Hans sprang ut og kom strakst inn att med Avisur.
Ei av desse var fransk; den valde han ut aat seg sjølv;
Resten gav han Balle.

„Ser du, Får," sagde Hans med ein
Skulemeistar-mine, „vil ein hava Politik, so maa ein aat Frankrike.
All annan Politik er berre som eit Attergny av den.
Frankrike er Europa, Frankrike er Verdi!"

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0015.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free