- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
9

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

9 EIN FRITENKJAR



det gjeld for oss Sions Vaktmenn — no meir enn
nokosinn fyrr — at me vaka ... og beda."

Presten sat og grunda. Han saag tyngd og sorgfull
ut. Det vart for stilt for Hans; han sette seg burt til
Hauk og Ragna. Kapellanen saag ut til aa like dette,
og vart meir roleg.

„Kjære Herr Pastor," sagde han um eit Bil, „so sant
som der skal vera Sanning i Arbeide vaart — ja, dette
Spursmaale dreg seg meir og meir inn paa meg —,
so sant der skal vera Sanning i Arbeide vaart: at me
skal vaka yvi Guds Hus og Folk, — kann me daa
tegja og vera rolege, naar me ser ei Aandsmagt, slik
som denne, koma dragande inn mot oss, — ei
Aandsmagt, som so endefram er bygd paa Heidindomen og
so klaart syner sitt sataniske Upphav? Hev me Lov
til det? Kann me forsvara det for vaar Herre og Gud?"

Presten tagde. Han var i stor Tvil og Tvihug.
„Eg trur ikkje det er rett aa koma med Politik i
Guds Hus," sagde han tilslutt.

„Politik, nei. Men dette er ikkje Politik; det er
ei Tidsaand, eit Livssyn, som tek Politikens Ham,
men i Grunnen er berre eit nytt Uppbröt av den same
gamle Heidindomen som Kyrkja til all Tid hev havt
aa dragast med. — Eg for min Part trur ikkje, at eg
med rolegt Samvit kann tegja."

Presten tagde og tenkte. „Det er eit leidt
Spurs-maal," sagde han tilslutt; „vaar Herre gjeve oss
Visdom!"

„Amen," sagde Kapellanen.

III.

Det leid til Sengjetid; Balle gjekk. Dei tvo Studentane
fylgdest upp paa Soveromi sine; Presten var og med.
„Du hev vaksi paa Utlandsferdi di," sagde han til Hauk,
daa dei gjekk upp Troppi. „Kann hende," sagde Hauk.
„Ja ja; det friskar aa koma ut," meinte Presten.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0017.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free