Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
19 EIN FRITENKJAR
Folk er sundbytte i Smaabitar; dei trur eit, veit eit
anna, vil eit tredje ... og so gjeng det alt ut i det
gamle. For den Skuld kann De vera trygg, Herr Pastor,
daa visst for denne Mannsalderen." Der var noko
underleg kaldt yvi Mannen som han stod der, totte
Presten; min Son skal ikkje til Paris, tenkte han.
„Men," heldt han fram, „naar Politiken vaar veks og
vert slik som . . . ja, som du vil hava’n . . . Med
eit Ord: heile den nye Fridomspolitiken, den
europæiske . . . trur du den er ukristeleg?" Det var slik
Uro yvi Presten, at Hauk laut mest læ, samstundes
som han hadde vondt av den gamle Mannen. Han
svara noko mildare: „aa, nei, — ikkje ukristeleg. Han
læt dei Spursmaali vera. Kyrkja skal vera for det ho
er; Staten skal berre stelle med sine eigne Sakir."
„Men Staten skai tyftast paa heidin Grunn?" „Paa
sin eigin Grunn — ja." — „Hm. Ja-ja. Du fær
orsaka. Det laag meg paa Hjarta dette; eg laut frette d:
Meining med. — Godnatt!"
Presten gjekk, seint, ustedt, i urolege Tankar. Han
kjende seg kald og saar. Men Hauk murra noko um
Tronghausar og Nærsyn. Det vert nok ikkje greidt aa
sleppe fraa desse gode Folk paa ein skikkeleg Maate,
tenkte han. Den som endaa kunde ljuge! Men so
kom han til aa tenkje paa Ragna att. Han gløymde
Tronghausane og Politiken og Kyrkja og alt ihop.
Ragna var vaksi upp til ei herleg Møy i dei tvo Aari
han hadde vori ute. Han hadde lika henne fyrr; men
no var det noko reint anna. Ho var hugtakande. Ho
var eit Under. Han hadde set hundra og tusund, men
ikkje ei som var so frisk og varm og rein og god, so
elskeleg mild, so heilt ut Kvinne. Det var det same
med alt; men henne maatte han hava.
Han sovna blideleg inn, og drøymde at han bygde
ei Kongsborg aat Ragna. Men Borgi vart til ei Kyrkje;
og i Koren stod gamle Far hans og lyste honom i det store
Bann, so det gjekk Torebrak uppunder dei høge Kvelvane.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>