- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
15

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

15 EIN FRITENKJAR



av deg, Gut?" ropa han. „Aa, eg maatte ut og faa
frisk Luft," svara Hauk. „Jaso. Men kann du skyna
kva som kom aat Får, du? Han hev daa liksom vori
ein liberal Mann fyrr?" Hauk vreid paa seg. „Ja,
liksom," sagde han for seg sjølv. „Skal me inn att?"
spurde Hans. „Nei Takk," svara Hauk. „Høyrer du
ikkje kor dei remjar der inne? Dersom Vaarherre
kann finne Smak i slik Song, so . . . Naa! lat oss
koma paa Heimvegen."

Dei gjekk heim og gjorde seg det koselegt der.
Men Hauk venta paa Ragna.

V.

Det var Middagslag i Prestegarden. Lensmannen
var der, og Prestens Medhjelparar; like eins saag ein
den gamle Klokkaren der, og fleire Lærarar. Men
ikkie Vikstad. Alle som kom takka Presten for den
gilde Joletala; og serskilt vart det takka for den Slutten
um Politiken. Balle kom med eit stort Høgtids-Andlit,
bøygde seg djupt og takka Presten med høgt Mæle
for, at han tydeleg havde avsagt Freden med dei Helvites
Aandsmagtir som i desse Dagar kom snikjande inn
mot Kyrkja og Guds Folk. Tilslutt kom Futen, Herr
Flint, kjend som gamall Fritenkjar og elles ei stor
Vyrdløyse, farande i full Stas, flaug like paa Presten
og takka honom paa same Maaten. „Desse forbanna
Fridomsfolk," sagde han — han var fæl til aa banne,
Futen —- „øydelegg alt for oss, baade Autoritet og
Kultur og Autoritet og . . . alt som heilagt er, so det
var paa høg Tid at Pastoren tok i. Eg hev tenkt paa
det lengi. Det er Religionen og Kyrkja som skal berge
oss. Me hev ikkje anna aa halde oss til; neigu um
me hev. Difor hev eg alltid havt stor Vyrdnad for dei
Ting. Takk skal De hava, Herr Pastor, og hald fram
som De i Dag tok til. Fanden ta’ meg er det ’ kje
paa Tidi!"

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0023.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free