- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
22

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

22

EIN FRITENKJAR

kor gjekk det daa med Skatten? — Nei, ser De, kvar
Skomakar skal vera ved sin Leist, og kvar Fant i sin
Fjordung. Men De, Herr Hauk, som er Teolog, og
Son aat Provsten . . . ja, som Herr Kapellanen sagde,
eg vil ikkje spyrja beintfram um De er kristin; for det
er ei Samvitssak, som Kapellanen sagde; men eg vil
segja som Kapellanen, at etter ymist av det som De
ikkje hev sagt, so ser det ikkje ut til at De tek
Kristindomen som ein Teolog bør taka ’n, og serleg
ikkje som vaar gode Vert, den høgvyrde Herr
Soknepresten, tek ’n. Og naar De ikkje gjer det, so blæs
eg i heile Kristindomen Dykkar — um eg so maa
segja. Lat oss no høyre, Herr Hauk! De hev vori i
Paris, De; De er liksom ein Autoritet her paa Berge
no. Reint ut, Gut!"

„Ja — reint ut!" bad Presten, som ikkje hadde vori
med i denne Samrøda, men smaadrøst med Klokkaren
og ein av sine Medhjelparar og alt i eit glytt burtpaa
Hauk liksom i Uro. „Du veit, Hauk, at eg set Pris
paa di Meining."

Dei var no ferduge med Maten. Hauk drog Stolen
sin attende og saag med ein Kaldflir ut-yvi Lage. „No
hev me havt so god Moro," sagde han, „at det var
Synd aa skiple Godlage og koma inn paa aalvorsame
Ting." Balle gav Presten eit talande Augnekast;
Bord-bøni vart fraa-seg-gjord i Hast, og dei stod tagaile fraa
Borde.

VI.

Hauk fekk Hans med seg og smatt ut. Presten
saag etter Hauk med eit underlegt, dragande
Augnekast. Han kjende Hug til aa tala ut med denne
Mannen. Han maatte forklaare seg for honom, forklaare
kva det var han hadde meint. Han hadde ikkje tenkt
det paa den Maaten som desse Styvingane her tok det.
Han var komin i laakt Lag her; det var ikkje slike

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0030.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free