- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
41

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

41 EIN FRITENKJAR



„Gjeng han ved det sjølv, at han er . . . ein slik?"
— „Nei; han er som vaare andre Fritenkjarar uærleg
og rædd . . . men Balle hev opna mine Augo. Det
er ein merkeleg Mann, den Balle, stød som ein Mur
i Tru og Tanke, og ein stor Sjælekjennar. Hauk er
berre ein Ordmakar mot honom." — „Jaso." — Sidan
tala ikkje Ragna meir med Hans um dette.

Dei gamle Foreldri gjekk og var mest raadlause av
Uro og Sorg. Iser var Möri utav det. Ho prøvde aa
trøyste henne so godt ho kunde. „Kanskje han kann
umvende seg," sagde ho. „Umvende seg?" spurde
Ragna; og det var som eit stort Ljos kveiktest for
henne. Umvende seg! — Tanken tok Tak og sleppte
henne ikkje sidan.

Ein Dag kom Balle. „Aa Goddag, kjære Kapellan,"
sagde Presten; „her kjem De i eit usælt Hus." Balle
vart rædd. „Kor daa?" „Aa, ho tek det so altfor
tungt. Eg ræddast ho vert sjuk." Det kom noko
forunderleg kaldt og liksom framandt yvi Balle. Han sat
ei Stund ordlaus og kunde liksom ikkje samle Tankane.
So kom det. „Ja," sagde han, „so er det aa fara
uvar-legt. — Ein Mann som Hauk burde vera utestengd
fraa alt godt Sellskap. Det fylgjer alltid Uhemje med
den som hev sagt seg laus ifraa Gud. Og sæl er
den som ikkje sit i Sæte med Spottarar, segjer
Salmisten."

Det vart stuslegt med Samtalen. Presten var
tung-lynd, Balle ute av Lag. Han stod snart upp. „Her
maa bedast," sagde han. „Det hev me ikkje gløymt,"
svara Presten. ,,At eg alltid er til Teneste um det
trengst, segjer seg sjølv," heldt Kapellanen fram;
„Takk," svara Presten. —

Det sleit av nokre Dagar. So kom det med Posten
eit nytt Nummer av Blade „Framgang", der denne leide
Brevsendingi hadde stadi. Og øvst paa fremste Side
av Blade stod:

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0049.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free