Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
52
EIN FRITENKJAR
Det verste var at han ikkje kunde arbeide. Han
sette seg til med ei Bok og las . . . tri Linur fram;
so sat han og drøymde. Han tok Pennen og vilde
skrive; skreiv Yviskrifti, mynstra med fyrste Setningen,
skreiv nokre Ord og strauk deim att; og so sat han og
drøymde. I timevis, ja i yktevis. Det var so han saag
seg mest yvigjevin.
Han maatte spreide Tankane; han maatte hava
Letting. Han fekk ein underleg, vill Hug til Moro og
Suml som han ikkje fyrr hadde havt. Han lét seg
draga inn i den Kunstnar- og Student-Rangelen som
gjeng gjenom Hovudstaden Dag og Natt; og daa dette
var noko nytt dreiv det paa ein Maate Tidi. Men det
Live han her kom inn i, var raatt; og skulde han vera
med i det, maatte han slaa seg laus. Naar han so
vakna att, lika han seg verre enn ille, og Enden vart
at han maatte halde seg liksom i ei jamn Halvørske
av Turing og Tankeløyse, um han skulde halde ut.
Og endaa hjelpte det ikkje. Det døyvde Tankane
paa ein Maate; dei dovna av i all den Eimen av Vin
og Villskap og vondt Samvit, liksom Tannverken for
ei Stund kann bli kjøvd av ein Dram; men Brodden
sat under og gnog og stakk, og Lengtingi braut upp
som eit vondt Saar so snart han hadde ein roleg Time.
Han sagde til seg sjølv, at det var umannslegt og
veikt aa luske seg burt fraa Liv og Aalvor med
Drøy-ming og kunstig Sjølvdøyving liksom ein Opiumsrøykjar;
og so tok han seg paa Tak og gav seg til aa arbeide
att. Men naar Tankane kom veltande som Dragsui
ved Strandi, og Sorgi glødde som ein tærande Eld, so
vart han leid av alt, og so kom Villskapen upp att.
Og naar han so gav etter, so vart det verre enn
nokon Gong.
Naar han kjende seg som verst skamfull og arm og
hadde minst Mod til aa tru paa sin eigin Vilje, gav
han seg til aa drøyme um at kannhende var det Kv end
e-trøyst som her skulde hjelpe. Ei god, kjærleg Kvinne
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>