- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
68

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

68

EIN FRITENKJAR

tenkjar. Men no var ho mest glad ved det; for derved
var det at ho fekk noko aa gjera i Live.

XVI.

Gamle Provsten Hauk vart ovglad daa han høyrde,
at Son hans hadde fest Ragna Vangen. „Det er bra,
Gut!" sagde han; „det beste du kunde gjera." Og
Mori meinte det same. Det vart reint Høgtid i
Provstehuse den Kvelden.

„Og no tek du vel din theologicum," meinte Provsten
og klappa Son sin paa Aksli. „Aa — hastar ikkje,"
svara denne. „Hm? gifte deg fyrr du fær Eksamen?"
spurde Provsten. „Duger ikkje, Gut! duger ikkje!
Det vert alltid upp i Fusk med slikt. Nei Far; Selen
paa no, og so Lasse upp for Brekka med same. Hm ?"

Hauk var i si verste Beit. „Ja ser du, Far," sagde
han, ,,i dei fyrste Aari hev eg ikkje Bruk for denne
Eksamen. Og eg veit i Grunnen ikkje um eg fær
Bruk for’n nokon Gong. Det stend paa korleis det
gjeng med det andre. Men — dersom eg ein Gong ser
at eg kjem til aa faa Bruk for teologisk Eksamen, —
naa ja, so riv eg ’n fraa meg paa eit Aars Tid. Det
lagar seg nok."

„Hm; høyr, Eystein," sagde Provsten. „Du skal ikkje
rive fraa deg den teologiske Eksamen paa eit Aars Tid.
Du med dine Gaavur skal hava præ. For det fyrste
kann du daa koma fram i Verdi. Og det hev ikkje
lite paa seg det. Hm?" — „Aa, det finst vel alltid
det som var verre aa vera enn Bisp," meinte Eystein
med ein Smil. „Godt, godt!" sagde Provsten. „Og
for det andre so treng Kyrkja i vaar Tid dugande
Mennar. Uppløysningsmagtine reiser Rygg rundt ikring,
i Politik, i Teologi, i Vitskap, i alt; endaa her hjaa oss
høyrer me Røystir som kjem fram med nedrivande
Tankar, ja som tek paa sjølve Statskyrkja. Hm? Ja

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0076.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free