Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has been proofread at least once.
(diff)
(history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång.
(skillnad)
(historik)
Hauk hadde vorti aalvorsam. „Du hev visst stor
Rett her, Far,“ sagde han; „og eg hev sjølv tenkt det
same. Naar ein ser paa Mengdi av desse Bladfolk,
ser, kor loslitne dei ser ut baade i aandeleg og ofte i
utvertes Meining med, kor trøytte og matleide dei gjeng
der og masar, utan Tru paa Folke og stundom utan
Tru paa seg sjølve med, men syndleg bundne til Kjerra
og Partie, — naar ein ser slikt, so kann ein nok verte
rædd. Men, kjære Far, — kor mykje fær no dei gjort
som gjeng inn i det praktiske? Kva utrettar ein Bisp
t. D.? Det einaste han vinn er aa gaa Ærend for
Kyrkjedepartemente og halde uppe ’Systemet’. Men
er det ein som hev ein Tanke sjølv aa arbeide fyri,
— so vert han ikkje Bisp! Kva skal ein so gjera.
Er ein Bladmann, so kann ein i alle Fall stride for sine
Tankar; ein fær ikkje mange med seg; dei fleste les
Blade og legg det fraa seg att likso kloke som dei tok
det; men — ein fær daa dei beste; og dei hine, dei
syg i seg Tankane og veit det ikkje sjølve, og so kjem
dei sigande etter med Tidi. Det gjeld berre um ein
er seig nok til aa ikkje trøytne, naar ein gjeng og ser
paa all den Vesalldomen og Faavisa.“
Provsten stod og tenkte. „Hm, ja — ja,“ sagde
han; „det kann hende du hev Rett i sùmt, du med.
Embættslasse er ikkje alltid so lett; og der er noko i
det, at anten maa ein vera so sterk at ein kann skapa
eit nytt System, eller so vert ein Træl av det gamle.
Men du med dine Gaavur skulde vera Kar til aa skapa
eit nytt System!“
„Skulde eg skapa eit nytt System maatte eg hava
nye Tankar,“ svara Hauk. „Men dersom eg hev nye
Tankar, so stengjer det gamle System meg ifraa seg,
til dess eg er so slitin at eg ikkje lenger kann gjera
noko. Og dersom eg vilde snikje meg fram, ljuge ned
mine nye Tankar til eg vann upp, so vilde den Lygni
tyngje heile mitt Liv og sistpaa magtstela meg naar det galdt.
Og paa den Maaten vart eg i verste Meining ein Træl.“
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>