- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
72

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

72

EIN FRITENKJAR

høyre paa alle desse velmeinte, truskyldige Ord! Det
var ikkje fritt han kjende seg som ein Svikar; heile
Live hans krengde seg liksom um til ei Lygn; han
vreid seg under ei Skam han snaudt kunde bera. Men
kven hadde Hjarta til aa vera ærleg her og dermed
røve all Hugnad og Alderdoms Fred fraa sine eigne
gamle Foreldre! Han maatte tegja! Han hadde som
ei Kjenning av at han vel ein Gong kom til aa svide
for denne Lygni si — for Lygn var det! —; men han
fekk daa heller taka det som kom sjølv, berre han
kunde faa spara desse stakkars gamle. — Desse
stakkars gode gamle! Han torde ikkje sjaa sine Foreldre
beint i Augo lenger.

— „Og no nok um slikt!" ropa gamle Provsten.
„No skjenkjer Mor oss eit ærlegt Glas Vin, og so drikk
me ei Skaal for di unge Festemøy! — Aa kor glad
han vert, den gamle Fagnadmannen, Far hennar! —
Skaal! Ja, min gode gamle Vén Vangen. Me hev
havt mang ei glad Stund saman me tvo, daa me var
unge. Han var ein lettliva Kar i den Tid, Vangen,
ein Skjemtegauk og glad i Gaman — vel glad sume
Tidir, ha-ha, — men fin og nobel og god. Ja der var
i det heile meir Liv bland Studentane i den Tid enn
no. Folk er so dauve og sture og stive av seg no;
dei fær det ikkje til med aa liva. Nei; i den Tid var
det noko anna; der var Poesi i Studenterlive daa;
der var . . . der var . . . naa, der var Villskap inn
imillom; men der var daa i det heile meir Sving paa
det, meir — meir — med eit Ord: meir Poesi. Men
den eg fyrst og fremst minnest naar eg tenkjer attende
paa dei Dagar, det er min gode Ven Vangen, Johan
Peter Blommenberg Vangen . . . Skaal for den Mann!
Hans Dotter vaagar eg for alle dei Gjentur som til er.
Hm?"

Dei samtala lengi um desse Ting; og Hauk fekk
snutt det so, at Provsten og Frua vart samde um aa
beda Presten Vangen um Lov til aa halde Bryllaupe

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0080.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free