- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
74

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

74

EIN FRITENKJAR

og lika seg ikkje. „Du hev no vori uvyrdin og, stundom,"
sagde han til Son sin. „Berre du ikkje alt er gjengin
for langt!" „Aa, det greider seg nok," meinte Eystein.
„Ja ja; me fær tru at Ragna fær Skikk paa deg,"
sagde Provsten. „Kjeringane vaare plar vera gode
Dyretemjarar." Eystein lo.

Mor aat Ragna hadde og ein slik Samtale med
Brudgomen. „Du maa ikkje undrast paa Vangen," sagde
ho. „Balle hev innbilt honom at du er . . . at du
hev ... at du er av dei som fornegtar ... og det
er det som hev gjort honom so uroleg og hjartetyngd.
Men det er vel berre eit Paafund av Balle?" — Hauk
vreid paa seg. „Balle held alle for Fritenkjarar som
ikkje trur paa det norske Kyrkjedepartement," sagde
han; „kor kann den kjære Pastor Vangen bry seg um
slikt?" — Prestekona vart liksom noko flat ved dette
og spurde ikkje meir. Men ho bad honom skilleg vent
um aa vera god med Ragna, som var saar og fin i
sine gudelege Kjenslur og lett kunde mistyde mangt,
um det ikkje var so vondt meint. „Ver roleg, Mor!"
sagde Hauk og slog seg glad, „Ragna og eg skal nok
koma utav det!" — Frua saag paa den staute glade
Ungdomen og smilte.

Daa Bryllaupe var slutt, for dei tvo unge beint til
Byen. „At dé ikkje fer heim-um Vangen!" sagde
Provsten og var mest ublid. „Eg maa til Byen no,"
svara Eystein; „og Ragna fylgjer helst med same."
„Far er sjukleg," hjelpte Ragna til, „og treng sterkt
til Ro." — „Hm, ja-ja, ja-ja," grumde Provsten. Dei
reiste.

— „Og no maa du, Eystein, vera meg alt i denne
Verdi, baade Far og Mor og Vén!" sagde Ragna, halvt
med Smil, halvt i Graat. Han drog henne inn til seg.
„Alt, alt!" sagde han. „Eg elskar deg dess meir
uendeleg, di meir du for mi Skuld lyt sleppe." Ho
grét, baade av Sorg og av Glede.

Dei kom til Byen. Hauk hadde steilt alt fint og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0082.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free