Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has been proofread at least once.
(diff)
(history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång.
(skillnad)
(historik)
fekk Von um at han ikkje var so langt ifraa henne
en daa i dei høgste Ting; og ho skalv av Glede. Men
naar ho so vilde slaa seg til Ro i denne Gleda og
liksom gav honom Handi til heilt Samband og fullt Fylgje,
so kom der alltid noko som sagde: nei, — det var
ikkje so meint.
Ettersom Hauk vart meir og meir rædd for aa
leggje sine Tankar fram i Samtale, fann han paa og gav
henne Bøkar som han trudde skulde lære henne aa
forstaa honom. Det var mest Romanar og andre slike
Diktverk, skrivne ut fraa hans Livssyn. Ragna las deim,
men vart liksom sjuk av det. „Ikkje gjev meg slike
Bøkar,“ bad ho. „Kvi daa?“ spurde Hauk. „Dei er
so stygge,“ svara ho. „Stygge?“ spurde han. „Ja;
dei hev so mange gudlause, sundrivne Tankar. Eg
vert so leid av meg naar eg les deim.“ Hauk saag paa
henne og smilte. „Trur du det sanne alltid er det
same som det hyggjelege?“ — „Nei, det sanne kann
vera strengt... men det er alltid kjærlegt.“ —
„Tankane i desse Bøkane er strenge og kjærlege.“ — Nei,
dei er so fulle av Hat og Spott." — „Mot det laake
og stygge ja.“ — Ho tagde. „Kannhende finn dei
sumt stygt som du finn fagert,“ heldt Hauk fram.
„Men det spyrst berre um Livssyne. Hadde du vori
upplærd i dei Tankane, so hadde du og funni dei fagre.“
„Ja, men daa hadde eg vori noko reint anna enn eg
no er; og eg veit ikkje um det hadde vori betre —?“
Hauk vart aalvorsam. Men so smilte han. „Det der
er eit argumentum ad hominem!“ sagde han; „for du
veit at eg helst vil hava deg som du er. Men for din
eigin Part — ja, eg veit ikkje.“ Ho saag paa honom
med Sorg. „Med slikt Livssyn hadde eg vorti vond,
trur eg,“ kviskra ho. Han hadde eit Svar paa Tunga,
men svelgde det, daa han var rædd det kunde saare.
— „Naa ja,“ sagde han, „me skal finne andre Bøkar
aat deg. Lat oss høyre kven du helst vil lesa!“ —
„Schiller —?“ sagde Ragna. „Godt! ja, han er ein
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>