- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
87

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

Aldri hadde ho sakna Mor si so saart som no. Men
aa faa henne her inn i denne Tid vilde vera
Ufredsbòd til Hauk; daa vilde ho tapa honom for all Tid.
Kvar skulde ho av? kven skulde ho faa Raad hjaa?
Beda? Ho kunde ikkje. Vonde Tankar og ville
Spursmaal skar inn og kløyvde all Bøn, all Heilhug i Bøni.
Det var Guds rettvise Straff yvi eit ovmodigt Kvende
som hadde trutt aa kunna vita hans Tankar og aa
kunna vera honom til Hjelp. Aa! so armt eit Kryp
som ho var no fanst det ikkje paa Jordi.

Ho heiv seg i daaresjuk Elsk yvi Vogga; — denne
kjære vesle aatte ho daa, um so alt anna skulde svikte!
— Guten laag og sov; han var heit i Vangane og
syntest ikkje sova rolegt; — enn um han var sjuk? enn
um han skulde døy? Ho skvatt upp i Daudrædsle. „Han
maa hava Daap!“ ropa ho, og sende Bòd etter Presten.

XXI.

Presten kom; Ragna fortalde honom alt. Han riste
paa Hovude. „De var tankelaus som gifte Dykk
soleis,“ sagde han. „Eg hadde mine eigne Tankar,“
svara ho. Presten stirde paa henne. „Og so var eg
for ung,“ lagde ho snøgt til, at ikkje Presten skulde
spyrja henne ut.

Han forstod henne og smilte saart. „Stakkars Barn,“
sagde han, „dersom De hev misteki Dykk, so kann
De trøyste Dykk med at De no fær bøte. Dette slepp
De ikkje fraa utan hard Strid. Tak no Striden rett
upp! Kannhende trong De just noko slikt... til
Bøygjing og Lutring.“

Ho kjende seg letta ved denne Maaten aa sjaa
Tingen paa. Graaten kom upp, mild og løysande; so
hugsa ho paa Foreldri sine, og Graaten vart sterkare.
Presten sat og saag paa henne. Enn all den Sorg,
enn all den Graat som daa alltid skal fylgje dette
stakkars Live, tenkte han for seg sjølv.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0095.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free