- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
89

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

snikjande Lygn. Heller ingin Son hava enn ein som i
sitt Hjarta bannar meg.“ Han sprang upp hugsprengd
og harm og gjekk.

Daa han kom heim, saag Ragna at han var reint
som burtbytt. Ho vart so rædd ho torde ikkje spyrja.
Endeleg sagde Hauk: „Du vil ikkje vera med paa
det som eg tala um her sist, høyrer eg?“ Ragna saag
upp med Aasyni so full av Sorg og Sut at det skar
honom i Bringa. „Um Guten døydde i Natt?“ kviskra
ho kavande og kom i Graat. Hauk bleikna. „Døydde?
Er han sjuk?“ — „Just ikkje det... men det kunde
so snart hende.“ Hauk var upprørd og skræmd. „Vert
Guten sjuk, so gakk til Doktaren og ikkje til Presten,“
sagde han.

— Det var fyrste Gongen han hadde sagt eit hardt
Ord til Ragna. Men han visste ikkje sjølv kor hardt
det lyddest for henne. Han gjekk.

XXII.

Det bar ut or Byen, burt ifraa Folk; han maatte
vera aaleine, maatte faa vera i Fred. Gjekk og dreiv,
langt og lengi. Han var leid av seg, hjartetyngd og
sjuk; kjende seg heimlaus, fredlaus, utstøytt; visste
ikkje kvar han skulde gjera av seg. Ragna hadde han
tapt; ho heldt ikkje av honom lenger; ho søkte
framand Hjelp mot sin eigin Mann; det var Barne ho
elska, ikkje honom; ho forstod honom ikkje
dessmeir, kunde eller vilde ikkje forstaa honom; alle
hine hata honom; Foreldri sine torde han ikkje sjaa;
Vénine hans — kaldkloke, hugarme Sjølvsjukingar;
naar han var i Naud, drog dei paa Aksli og flirde og
gjekk. Verdi var stengd; her var ikkje ein han kunde
tru seg til.

Og ikkje nok med at han var utestengd fraa Heim
og Kjærleik; han kunde ikkje krevja Rettferd dess-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0097.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free