- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
97

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

Hjelp er aa finne; og alt dette hev nok i Guds allvise
Hand vori ei Raad til aa bøygje og tukte den altfor
sterke og sjølvraadige Natturi hennar, so no tykkjer
ho at ho kann takke for alt. Men ho skỳnar og godt,
at ho ikkje kann hava noko med deg aa gjera, so
lengi du er den du no er.“ —

Hauk slengde Brevi fraa seg og kjende seg so leid
og kald at han mest gav upp Tanken um aa koma
heim att. Han skreiv eit stutt, rolegt Svar til Ragna
og bad henne agta seg for Sjukdom; si eigi
pinefulle Sorg tagde han med.

Breide fekk og Svar. Sidan eit Aars Tid var Breide
den einaste han fekk Brev ifraa. Men so slutta desse
Brevi med. Hauk tenkte at Breide maatte vera sjuk.
Men den rette Grunnen til at Brevsendingi slutta var
den, at Breide hadde gift seg. —

— No lìvde Hauk i Paris. Sorgi og Harmen prøvde
han aa skrive av seg i ein Roman; og det Arbeide
han derved fekk, var honom til stor Hjelp og Letting.
Romanen kom ut og vart vel umtykt. Han handla
um Ægteskape og um Kyrkja. Kritiken sagde um
Boki at ho var merkeleg friskt og sant skrivi og paa
ulasteleg Fransk. „Tankane er vel ikkje nye,“ stod
det; „men me skal hugse at Forfattaren er fraa eit
Land der desse Tankane enno knapt er kjende av
Namn.“ —

Denne Romanen letta honom for ei Stund. Dessutan
kasta han seg no meir inn i Live der nede. Han
gjorde dette til aa faa Tidi til aa gaa; og han tottest
hava Rett til aa gjera det, av di han var utstøytt fraa
Live og Lykka. Glad kunde han ikkje verte, og Fred
kunde han ikkje faa; men han kunde herde seg, tenkte
han, til han vart like sæl. Men so kom det Ridir daa
alt det gamle braut upp liksom ein Sjukdom. Ho som
gjekk der heime aaleine og sjuk, syrgjande utan Von,
tyngd av tærande Tankar, steig fram for honom som
ein Jammer; Son hans stod i Draumane hans som ein

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0105.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free