Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Av laak Ætt.
ALVHILD fraa Dale var den fagraste i den
Bygdi.
Ho hadde eit Andlit so godt og mildt. Munnen
smilte noko mykje, men var frisk; og Augo var klaare
og sterke og trufaste. Einberne var ho og av godt
Folk; og alle tala vel um henne. „Den som fær
Alv-hild slepp aa trega Gifta si," meinte dei gamle.
Det same meinte dei unge; og meir enn ein gjekk
med urolege Tankar for hennar Skuld. Men Bjørn
Haugstad rekna seg paa ein Maate for den som skulde
hava Retten paa henne. Han hadde vori glad i henne
fraa dei gjekk for Presten; og um ingin Ting var sagt
eller avgjort deim imillom, so hadde dei sidan vori
kjende. Men Bjørn kunde ikkje tru so trygt paa henne
som han gjerne vilde; han tottest merke rett som det
var, at Alvhild saag likso blidt til andre som til honom;
og daa vart han mistruin og leid. Ho hev altfor godt
Hjarta, tenkte Bjørn Haugstad.
Elles var det ikkje mange som vaaga aa bjode seg
fram. Ingin kunde segja for visst kven det var ho
bar i Hugen; og ingin vilde gjerne hava nei. Det
med Bjørn Haugstad trudde ikkje mange paa. Daa
skulde Knut Aasen hava betre Vonir. Han var Son
av Ordføraren i Bygdi og hadde ein stor Gard i Vente;
var og sjølv ein ven Gut. Men han vaaga seg ikkje
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>