- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
112

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

AV LAAK ÆTT 120

Guten danse Halling og Springar; „for naar du skal
til Gjentom, so lyt du kunna snu paa deg, Kar!" Og
Leiv var lettnæm og vilde gjerne vera Kar, um han
lite brydde seg um Gjentefjas. Dei skulde faa sjaa
paa det, dei Tausine, meinte han, at han godt kunde
klara seg deim forutan.

Lars fekk’n ikkje med seg ut millom hin Ungdomen;
Leiv var rædd Bygdefolke. Han kjende seg litin under
dei Augo Folk sette paa han; eg høyrer ikkje til der,
tenkte han. Ræddast var han Kvinnfolki; for dei kunde
han ikkje banke upp heller. Og det beit alitid so rart
naar dei flirde. Han rømde for deim. Rømde helst
for alle, endaa han visste at dette var stakkarslegt.

Men so var det ein Vinter at han fekk meir Hug
til aa høyre paa Lars, naar han fortalde um vene Møyar.
Vaaren etter gjekk han oftare til Kyrkja enn fyrr. Og
daa kom han ein Dag etter at ei Gjente kann vera
fager.

I same Stundi vakna det som eit nytt Liv i han.
Hugen vart so mjuk, og Tankane øre; det kom slik
ein underleg Eld i Blode. Han saag paa Møyane og
vart bljug; og det stakk i Bringa hans naar dei smilte.
Men var det ei som saag paa honom, so vart han raud
alt upp i Haargarden.

Daa han kom heim den Dagen merka han at det
var stuslegt paa Hegglid. Stogo var trong og myrk;
Far hans sat med Boki; Lars var ute. Leiv sette til
Skogs. Der gjekk han og dreiv i skogklædde Lidir;
og Hügen hans fødde Kjenslur og Tankar som
Bakken um Vaaren skyt Blomar og grøne Straa. Han
kjende seg baade frisk og ufrisk. Ung og grønkande
stod Skogen rundt ikring; myrke Granbuskir laag og
sumde i Sol og Blaatt; Fjelltoppane lyfte seg reine og
gode; Lufti var roleg og lett og klaar, gjenomsynleg
ende til Himils; det var vent dette, tenkte Leiv, naar
han stundom saag upp.

Det var helst ei Gjente han hadde lagt Merke ti!

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0120.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free