Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
132
AV LA AK ÆTT
Dagen daa Spareskillingane hans vart stolne. Daa var
han ikkje langt ifraa aa misse Mode.
Han hadde sett si Von til desse Skillingane som
stod der i Banken og „voks". Det var so godt aa
tenkje paa dette: at kvar Skilling han fekk leggje upp,
den ikkje berre laag der; han hjelpte sin Herre i
Arbeide; kvar Dollar i Banken var ein Dollar i Banken,
og drog dertil Rente. Og di fleire Dollars, di meir
Vokstr. Han tok til aa tru paa Lykka si; kjende seg
trygg og modig, ja byrg. Naar det han her tente
lagdest attaat det han heime kunde vente, so vart det
snart Velstand, so der heime daa. Og naar han dertil
sjølv hadde lært baade aa arbeide og aa styre, og
attaat hadde vori ute i Verdi og set seg ikring, og so
kom heim att, fjong og gild so Bjørn Haugstad og
Knut Aasen mot honom vart Heimfødingar, — fullgod
Friar skulde Leiv stige inn paa Dale daa, um han
aldri so mykje var Son hans Svarte-Asbjørn.
No stod han der. Alt hans Arbeid var spillt; og
han saag kva Reknestykke og Vonir var aa byggje
paa. Arbeid og Sparing, kva nytta det? Kvart Grand
han sleit ihop, so kom det ein Tjuv og tok det. Og
naar Lykka var imot so var ho imot.
Mykje Tjuv og Kjeltring sanka det seg ihop her i
Amerika; det hadde han høyrt, og det laut han tru.
Kva kom Folk her etter? Slaa under seg, slaa under
seg, det vilde dei, so mykje dei kunde so fort dei
kunde; so vart her ingin Folkeskikk; det vart glupe
Arbeidsfolk, men endaa glupare Snytarar og Tjuvar.
Vera ærleg her, det var som aa vera Lamb i
Varge-bøle.
Og so Alvhild! — Naar den Tanken kom, gjekk
Blode til Hovude; Augo tok Eld, Tennane beit seg
ihop, Nevane knyttest; han fælte stundom for Vite.
Alvhild, Alvhild og all Framvoni hans! Han saag henne
som ho stod framfor han den Kvelden paa Haugstad:
varm, frisk, dragande, daarande, med Augo som glødde
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>