- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
139

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

AV LAAK ÆTT

139

meinte det same. Og daa dei tala til Alvhild um det,
tenkte ho at kannhende var det sant. „Gjer som de
vil," sa ho. Dei dagsette Bryllaupe; og Festarøle vart
haldi med stor Høgtid. Og Alvhild gjorde sitt beste
med aa vera glad.

Men ut paa Kvelden var det eit sterkt, hardt Mæle
utanfor Vindaugo som song:

Den Gjentehugen han er so slengin,
dei kann kje hugleggje nokon Drengen;
dei heve ingin i Hjarta kjær,
men ein Slarvehug’e til nokon kver.

Og süme er no so Skades snilde,
mot kvar og ein skal dei vera milde;
mot kvar og ein skal dei fint seg te;
so er det ja mest til kven som bed.

Alvhild kvitna der ho sat. Det var vel Bjørn
Haugstad; dei flaug ut og vilde „tala ved ’n". Men han
hadde alt smett seg av. Dansen tok til att. Og
Alvhild heldt ut, endaa det var ikkje meir enn so vidt
ho greidde det.

— Ein annan som gjekk uglad i denne Tid var
Asbjørn Hegglid. Han var meir uroleg for Son sin enn
han vilde vera ved for seg sjølv. Det var stilt Vatn
og djup Botn der; hadde han huglagt ei Gjente, so
var det visst ikkje berre til Tidtrøyting. Asbjørn gruna
paa, um han nokorleis skulde kunna hjelpe Guten. Det
som var i Vegen for Leiv var Ætti hans. At han var
av Innflytjarfolk kunde vel no etterkvart hava mindre
paa seg. Men der var Synd i Ætti; og den visste
Asbjørn med seg, at han hadde gjort lite til aa bøte.
Det er so rart naar ein er ung; ein trur at ein berre
hev seg sjølv aa tenkje paa . . . Men no vart det
eit Spursmaal: skulde ein gjera upp etter Far sin, so
tok ein ifraa Son sin; og var det rett? Han var daa
visst uskyldig; og nettupp no var det god Raad det
galdt um for Leiv. Asbjørn tenkte stundom paa aa

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0147.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free