Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
AV LAAK ÆTT
143
um nokon Ting. Det var Leiv ho tenkte paa. Stundom
liksom drøymde ho: der kom han; inn gjenom Døri;
som Kjempa i Visa; tok desse Gapane ein etter ein
og slengde deim ut gjenom Glase; tok so henne og
sette paa Hesten med seg og reid til Skogs; „no skal
me liva so godt i Lag og aldri skiljast!"
Denne Draumen fekk Magt med henne meir og meir
ettersom Villskapen voks. Ho sat og einstirde mot
Døri. Var liksom ikkje med i Lage lenger; var reint
som burte.
Daa for ho upp med eit skjerande Skrik. Braut seg
fram gjenom Dansen; stemnde mot Døri med ustøde
Stig, naableik; Augo steig fram, store, kvite, stirande.
For i Døri stod Leiv. Høg og bleik; Augo stive og
brostne; Haare ned-yvi Enne drivande vaatt; heile
Skapnaden som dregin or Vatn . . . „Leiv!" skreik ho
og rette Armane fram; seig so i Uvit.
Det vart braastilt i Lage; dei fulle vart fastande.
Bruri vart bori ut; Kvende jamra og grét; ikkje lengi
etter var alt stilt i Bryllaupsgarden. —
— Alvhild laag lengi sjuk etter dette.
Daa ho kom upp att, var ho som eit anna Menneskje.
Stillfarande, tagall, underleg ned-døyvd tusla ho ikring;
men ho var roleg og snild. Etter som Orde gjekk
saag ho Leiv ofte. Og rødde med han mest som med
ein annan Mann.
Knut tok det stilt, og var hjelpsam og beinsam.
Fekk heim baade Doktar og Prest, og trudde det maatte
laga seg. Men Tidi gjekk; og det same vart det.
Alvhild bad honom ikkje taka det tungt. „Det er ikkje
av det vonde dette," sa ho. Han vandest med det
smaatt um Senn. Sistpaa slutta det. „No hev Leiv
fengi Fred," sagde Alvhild.
Men eit Bil etter døydde ho. —
— Ei syrgjeleg Vise vart gjord um desse Tilburdine;
ho enda so:
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>