Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
SELD TIL DEN VONDE
159
„No gjeng det i Berg med deg, dersom du ikkje —!"
lo ho forkava. „I Berg eller kvar du vil; men lat meg
faa fylgje deg," bad Guten. „Du er den fagraste eg
hev set." Ei vill Glede blenkte upp i Andlite hennar;
no hadde ho vunni! Men ho slog Augo ned og gjorde
seg aalvorsam. „No lyg du," sagde ho. „Lat meg
døy her eg stend!" braadde Baard i; „hyss!" sagde
Gunhild. „Det same du no segjer til meg, hev du
sagt mange Gonger til Signe." „Nei! eg hev ikkje!
for eg hev aldri havt slik Elsk til henne. Naar eg
ser deg vert eg ør; eg skal aldri draga ein Sukk for
henne dersom du vil lova meg." Ho glytte upp fraa
Sida og smilte so Baard totte han vart galin; so sagde
ho: „eg trur deg ikkje fyrr eg ser." „Eg skal gjera
alt det du bed meg." „Ikkje alt!" „Jau, so sant eg
her stend ..." Daa saag ho fast paa han og sagde:
„so bed eg deg, at du i denne Dag segjer Signe fraa
deg." „Eg hev aldri lova Signe." „Det er ikkje
sant!" „Jau det er. Eg hev stundom tenkt paa henne
og tala med henne; men ho hev inkje Ord av meg
um slikt." „Kann du sverja paa det?" „Ja so dyrt
du vil." — „Men so skal du lova meg, at du aldri
heretter talar med henne." „Eg skal ikkje sjaa til den
Sida ho gjeng." „Er det visst?" „Ja so Gud hjelpe
meg!" — No loga heile den ville 17 Aars Elsken upp
i Gjenta; stolt var ho for ho hadde vunni, og
Folkeskikken kunde ho ikkje —: draus um Halsen paa han
so varmt og villt at han mest vart rædd; og so sa ho:
„no skal me tvo alltid halde saman." Strakst etter
var ho burte; og Baard stod der aaleine og fortryllt,
som vakna or ein Draum.
Forunderlegt! Dette som han aldri hadde trutt paa . . .
ho som var so ulik alle dei andre ... og som han
hadde vori halvt um halvt rædd —. Var det sant?
Eller hadde han drøymt? Hadde han vori bergtekin?
Men burt-i Lidine hauka det, langt, lokkande, fagert;
det høyrdest at ho som hauka var glad. Baard skvatt
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>