Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
SELD TIL DEN VONDE
177
henne. Slikt Folk kunde ikkje elske. Han hadde havt
Moro med henne; havt henne til Narr; i Grunnen
hadde han tenkt paa Signe. Aa Skam og Skjemsle,
aa gudlause Synd og Spe. Kor skamlegt og
avstyg-gjelegt ho var narra; kor syndigt og ærelaust han hadde
misbruka hennar Ungdom og ærlege Elsk. Det vakna
eit Hat i henne som var skræmelegt. Ho gav han
Unamn so stygge at ho ikkje sjølv visste kvar ho tok
deim ifraa; ho banna han; ho ynskte han alt det vonde
ho visste. Og Signe bad ho maatte ein Gong verte
likso usæl som ho no kjende seg sjølv. Ho sprang
upp i eit Sinne so det spruta um henne. Det ho
hadde misst var for stort; det ho no gjekk til Møtes
var altfor jammerfullt. Det blødde i henne av Saknad;
det brann i henne av svivyrd Ære og glødande Harm.
Desse Udyri hadde røva fraa henne alt det ho aatte og
so jaga henne paa Skogen; det var deim det same
anten ho gjekk paa Foss eller Stup. Aa, den som var
Mann og kunde hemne seg! Den som kunde finne seg
eit Hol i eit Berg og samle ville Mennar ikring seg, og
so ei myrk Natt heimsøkje Bygdi med Mord og Brand!
Men ho skulde hemne seg. Dei skulde ikkje for
inginting ha gjort henne til Skogdyr. Skulde ho lata
sitt unge Liv forspillast; skulde ho bøygje seg og taka
alt for godt . . . nei. Ho vilde njote sin friske
Ungdom. Og fekk ho ikkje gjera det paa den Maaten
ho hadde tenkt, — ho skulde gjera det paa ein Maate
som var verre!
No var ho fri. Ho hadde ingin aa bry seg um og
ingin aa ræddast; dei skulde faa sjaa at ho ikkje var
bøygd og ikkje gav upp Live for deira Skuld; og so
sant som Gud var i Himilen, dei skulde faa trega det
dei hadde gjort. Dei skulde faa svide for henne i
si siste Stund; dei skulde faa svara for henne paa
Domedag.
Ho reiste seg i Maaneglansen som ei ung Løve,
sterk, staut, skræmeleg fager; skok Manken; riste av
12 — Garborg. VI.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>