- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
180

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

180

SELD TIL DEN VONDE 180

Mor di er eg ikkje, Tullingen min," sagde ho ofte til
Guten; „rette Mor di er av anna Slag, ho; det hev
all sin Dag vort Skil paa fint Folk og Fant, ser du.
Men no er ho ute og reiser; ute i vide Verdi; og
kanskje finn ho seg ein Prins; og so vert du og Prins,
Tullingen min! forstend du det?" — Nei; Tullingen
forstod ikkje det. Men han tenkte mykje paa det
ettersom han vart større.

Mor Judit var sine gode 50 Aar gamal, diger og
rund som ein Høystakk, med eit breidt, kjøtfullt Andlit
og smaae graae glyrande Augo som til det jamne saag
lystige ut, men stundom kunde vera baade kvasse og
vonde. Ho var klok og sløg og um seg paa alle
Kantar, men i Grunnen godsleg, ja snild, og snytte
aldri ein Mann paa ein halv Skilling med sin gode
Vilje. Gift hadde ho vori, men var barnlaus; no livde
ho av slikt som falle kunde; dreiv med Lækjekunst,
gjorde aat for Verk og Mein og Kjærleikssorg, spaadde
i Kort og Kaffigrut, og var Dyrlækjar og Jordmor.
Ingrid, Systerdottir si, hadde ho til aa hjelpe seg i
Huse; det vart daa og ho som mest stellte med Baard.

Ingrid var ein liten forlivande Gjentunge paa 16—
17 Aar, glad og snild og ikkje ufager. Baard lika seg
godt hjaa henne, men kjende seg tryggast naar
Gamlemor sjølv var inne; for var ho burte, kom det tidt inn
ein Gut som alltid hadde so mykje aa svalle med
Ingrid um; og daa laut Baard hytte seg sjølv. Men
daa lika ikkje Baard seg og skreik; og ho vart vond
og slo han. Og hjelpte ikkje det, so kom Guten og
skræmde med ein diger Stav og var skræmeleg kvass
i Uppsyni. Baard vande seg daa etter kvart til dette.
Han laag i lange Stundir paa Golve og leika med eitt
eller anna, men saag undrin og sur burt paa dei tvo
som syntest hava so mykje aa tala um. Dette vart
noko med det fyrste som grov seg inn i Minne
paa Guten.

Men det var ymse Slag det han saag av Gamlemor

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0188.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free