- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
187

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

180 SELD TIL DEN VONDE

187

Handelsmann." — „Kven?" — „Gamle-Erik, veit eg!"
— Judit kom meir og meir til den Trui at den fine
Frua nok ikkje var heilt upp klok.

Det gjekk Dag etter Dag; og so visst som Soli rann
kom Gunhild og spurde etter Son sin. Og ho spurde
med slik Uro, liksom det kunde vera ei Mor som var
dømd til aa døy, og som venta paa Barne sitt til det
siste Velfar. Ho vart snart kjend i Byen ved dette;
dei kalla henne „Mor aat Prinsen" og var ustøde paa
anten dei skulde læ aat henne eller tykkje Synd i henne.
Men alle undrast dei paa, at den Slusken til
„Gateprins" kunde hava ei slik Mor, og at ho ikkje hadde
brytt seg um han fyrr, naar ho var so reint paa Live
for han no; og snart hadde Byen funni upp ei heil
Sogu — fleire Sogur som vart spunne ihop og voks —
um denne fine, underlege Frua. Men Gunhild gjekk
kvar Dag sin visse Gang til Mor Judit og spurde etter
Guten sin; og fekk Mor Judit til aa fortelja um Guten
sin; so gjekk ho heim att og tenkte paa Guten sin, og
paa si forskræmelege Synd. Men um Nætane drøymde
ho um den gamle Kyrkja, og om Blade med Blodskrifti.

I 17 lange Aar hadde ho gjort alt det ho kunde til
aa døyve ned desse fæle Minne og til aa gløyme baade
Guten og Ugjerningen og seg sjølv. I tie Aar fekk ho
det til; for ho kom uppi so mangt nytt, og hadde ein
fast Vilje av di ho var nøydd til aa vilja. Det gjekk i
tie Aar, og det gjekk i tolv; ho forstod ikkje sjølv no,
at ho hadde kunna livt so reint utan Tanke; men i det
trettande tok det nye Live til aa eldast for henne; og
i det fjortande var ho leid av det. I det femtande
stridde ho mot sine gamle Minne som Patriarken mot
Engelen — for det nytta ikkje aa minnast—; men i
det sekstande tok Minni Magti; og fraa den Tidi var
det, at den Fæla som budde i henne vart til Sjukdom.
Ho gav seg meir og meir yvi i sine uhüglege Tankar;

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0195.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free