- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
207

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

180 SELD TIL DEN VONDE

207

talde alt det han hadde høyrt av Mor si; og so
fortalde han um seg sjølv. Og som han sat der og
fortalde, mintest han fleire Ting, snart eit og snart
anna som han sjølv hadde røynt, og som han no
forstod maatte ha vori Minningar og Aatvaring um det
han hadde i Vente; det var mest Draumar og slikt.
Fyrr hadde han ikkje lagt Merke til sovori; no
fortalde han det i stor Rædsle, og det voks og vart reint
forunderlegt, teki paa denne nye Maaten. Og Presten
trudde meir og meir paa det han fortalde, og myrkna
ikring sine harde Augo; Make til fælt hadde han aldri
spurt.

— „No veit du alt, Prest," sagde Baard; „seg meg
no for Guds Skuld, om ein slik Handel kann gjelde."
Presten tagde ei Stund. So svara han: „Ja."

Baard hadde nok tenkt so sjølv; og likevel var det
fælt aa høyre det stadfest av ein Mann som visste
det. „Nei, nei," bad han, „det er ikkje Raad! slikt
kann Vaarherre ikkje tillata."

„Du vil ikkje meistre Gud?" spurde Presten. „Vil
d u segja til Gud: det og det er rett og det hev du
Løyve til; men det og det maa du ikkje gjera? Vil
Krukka lære Pottemakaren ? vil Skapningen skrive
Skaparen Lovir?" Baard kjende seg skamfull; „nei,
nei, ikkje so," sagde han. „Men eg forstend ikkje—"

„Forstend! forstend!" hermde Presten i heilag Harm.
„So du vil forstaa Guds Tankar? Du vil gjera deg
vis yvi Guds Raadir! Du, Makken i Moldi, du Krek
som ikkje er verd at Herren skal treda deg med sin
Hæl, du rotne Kar fullt av Synd og Ufysedom, du
som i kvar einaste Stund av ditt Liv hev fortent
Helvite tusund Gongir med dine stygge Syndir, du vil
gjera deg vis yvi den heilage i Himilen og forstaa
hans Vilje? I Sanning: um Djevelen stod fram i
denne Stundi og tok deg livs livande, du hadde ærleg
fortent det."

Baard vart rædd. Slikt hadde han ikkje tenkt; og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0215.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free