Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
180 SELD TIL DEN VONDE
209
Uferd enn dei fleste; og daa gjorde han deg berre
din Rett, daa han lét deg gjeva den Vonde i Vald."
„Men . . . men . . . Anna? kva serskilt vondt hev
ho gjort? ..."
„Um ho hev gjort noko serskilt vondt kann me ikkje
vita; men det veit me, at hev Gud sendt henne dette,
so hev han set at ho trong um det til sin Sjælebate."
No visste ikkje Baard meir. Han kjende seg uppraadd.
„Skal eg fara til Helvite i Natt?" spurde han
hug-sprengd.
Presten tagde og saag paa han; og daa han tottest
sjaa at den unge Mannen var mykt, sagde han:
„Um du for til Helvite, so hadde du inkje aa segja.
Men liksom det elles er Guds Vilje at so mange som
mogeleg riv seg ut or Satans Kløar og narrar den
Vonde for Sjæli si, soleis maa det og for deg vera
rett aa prøve aa finne Frelse, endaa um den Vonde hev
sterkare Rett paa deg enn paa Fleirtale. Men skal du
verte frelst, so maa du fyrst bøygje deg aalvorsamt i
ditt Hjarta for Gud og gjeva deg heilt ut i hans
Vald ..."
„Ja, ja! eg vil! eg vil!"
„Bøygje deg for Gud og vedkjennast, at kva han so
vil gjera, so er han den rettvise og heilage, men du
Syndaren som ingin annan Ting fortenar enn Helvite."
„Ja, ja!"
„Han er den som hev all Retten og all Magti i
Himilen og paa Jordi; so at um du var den største
heilage, og han vilde fordøme deg, so gjorde han berre
Rett i det; og du hadde ikkje anna aa gjera enn aa
bøygje deg og prise hans Namn, men skjemmast yvi
din eigin Armodsdom, at du mot honom var mindre
og mindre verd enn det armaste Kreke er mot
Leviatan."
„Ja" . . .
„Og du maa beda um Naade for alle dine Syndir,
men serleg for den som er den verste av alle: at
14 — Garborg. VI.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>