Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
180
SELD TIL DEN VONDE 212
gjekk og heldt han fast i Handi og tottest sjaa den
Vonde glytte fram med Skinnvengir og Horn attum
kvar Gavl. Han hadde aldri visst at det var so langt
til Kyrkja.
Endeleg var dei der. Presten sette Lykillen i Døri
og vreid upp; det sukka forunderleg i Laasen, og
Gjengi skreik. Innanfor var fælande stilt; men ei
vaat, tung Steinluft stod imot deim som or ein Kjellar;
og for kvart Stig gav det Attergny rundt alle Kvelvar
og Krokar, so det høyrdest som mange gjekk. Her
lyddest Stormduren fjernare, men holare og tyngre; det
var som Toredun attum ein Bergaas, men med lange
Yl gjenom Gluggar og Taarn. Baard kjende
Kald-sveiten renne nedyvi Andlite sitt, og heldt Presten i
Handi med eit hardt Tak. Men han kjende, at ho
skalv, den Handi han heldt i.
Kyrkjegolve fekk aldri Ende. Det var som dei stod
og steig paa same Flekken og ingin Veg kom. Kalde
Gustar strauk linnt imot deim; det kjendest som Kausing
av lette Hendar eller som Pust or usynlege Gap.
Kvite Lakan skimta fram og gjøymde seg attum Sular
og Murkantar; og uppyvi deim, og rundt under
Kvelvane, høyrdest liksom kvævde Vengjetak. Det veike
Lykte-ljose gleim ustødt burt-yvi Stoleradine og vakte
lange, urolege Skuggar som flutte seg og flydde og
mengde seg att med det store Myrkre innved Veggine.
Endeleg naadde dei Altare; no var dei framme.
Baard saup djupt etter Anden; paa denne heilage
Staden kunde ein vel vera trygg, helst naar ein hadde
ein Prest med seg. No kveikte Presten Altarljosi; bad
so Baard leggje seg paa Kne innmed Altare. Baard
so gjorde; der laag han halvløynd attum Prestekjolen.
Presten snudde seg fraa Altare og slog ein vid Krins
kring seg i Lufti med Handi; so gjorde han
Kross-teikne til alle Sidur og tok til aa beda. Han bad fyrst
Gud tilgjeva, at han kom fram til hans Altar med ein
so syndig Mann som i alle sine Dagar hadde livt i
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>