- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
240

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

240

UNGDOM

nøgd og ein Pratmakar, hyggjeleg og kjapp paa Munnen
som ei Kaffikvern; men no sit du der som eit Litani;
og sukkar og set Augo som du var botferdig; og er so
sur og syrgjeleg som det var han Per; og tagall og
tankefull som ein Vegstolpe. Hev eg gjort deg noko?
hev eg kje vori snild mot deg og gjort alt det du
vilde?" Jau; Jens kunde ikkje negte det. Men ho
maatte daa forstaa, at det dei her gjorde var tankelaust
og mot all Folkeskikk, og at det einaste dei kunde
forsvara seg med, det var at dei var unge og øre?

So vart dei Uvénir. Dei kjeklast eit Bil, til dess
Anne Malene gav sin gode Vén ein under Øyra; „sjaa
der!" sagde ho. Var han ei Bønebok og ein Surtapp
og ein Eltepose og ein Tverdrivar full av Bibelspraak
og range Talemaatar, so var han ikkje den ho hadde
tenkt! Skulde ho slaa seg paa Graat og Gravsalmar,
so fekk det daa vera til den Tid kom! Farvel! —
Dermed gjekk ho.

Jens Carlstad kom heim den Kvelden med. Men i
Hovude hans saag det myrkt ut; og hadde han havt
ein Hale, so hadde han gøymt han millom Beini. I
stive tvo Dagar gjekk han og var halvgalin. Heldt
ikkje dette ut. Men bøygje seg og beda um godt Vér,
det kunde han ikkje. Han kunde ikkje for si Ære,
sin Vyrdnad som Mann! Daa han hadde pint seg med
dette so lengi han godt og vel stod i det, bøygde han
seg. Skreiv og bad um godt Vér. Gjekk so ein Dags
Tid og sputta seg sjølv i Augo, for di at han hadde vori
so veik. Um Kvelden luska han seg med Hjarteklapp
og urolegt Blod upp til Steinen til aa sjaa um der var
Svar; og det var der. Gudskjelov. Aa desse kjære,
søte Kraaketæane. Aa denne heilage, himilske,
ravgalne Rettskrivning! Ho var so Gla for breve. Dæ
va Vont væra Uvenir, og Gott aa vera gla. Han skulde
ikkje bry seg um det som ho gjorde hin Kvelden; ho
meinte ikkje noko med det; ho berre var slik.

J. T. Carlstad dansa heim. Han hugsa ikkje meir

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0248.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free